Var lommemannen og trollet i slekt?
Man kan lure på om eventyret handler om at man ikke skal gjøre som fremmede ber en om å gjøre?
Evner ikke dagens foreldre å overbringe de viktige budskapene på en måte barna forstår, eller er verden blitt så mye farligere nå, med kameraovervåking, Internet og mobiltelefoner enn den gangen ingen viste hva som foregikk på bygdefestene?
Eventyret om Smørbukk
DET VAR ein gong ei kone som sat og bakte. Ho hadde ein liten gut, han var så tjukk og feit ville så gjerne ha god mat, og derfor kalla ho han Smørbukk. Og så hadde ho ein hund dei kalla Gulltann. Rett som det var, sette hunden i å gjø.
"Spring ut, du Smørbukken min," sa kona, "og sjå etter kven det er Gulltann gjør på."
Så sprang guten ut, og kom inn att og sa: "Å Gud bere meg, det kjem ei stor, lang haugkjerring [A] med hovudet under armen og ein sekk på ryggen."
"Spring under bakstefjøla og gjøm deg," sa mor hans.
Så kom det store trollet inn.
"God dag," sa ho.
"Gud signe!" sa mor til Smørbukk.
"Er ikkje han Smørbukk heime i dag?" spurde trollet.
"Nei, han er i skogen med far sin og jaktar på ryper," svarte mora.
"Det var leitt det då!" sa haugkjerringa; "eg har slik ein fin liten sølvkniv eg ville gitt han."
"Pip, pip, her er eg!" sa Smørbukk under bakstefjøla, og kom fram.
"Eg er så gammal og stiv i ryggen," sa trollet. "Du får smette ned i sekken og ta den opp sjølv."
Då Smørbukk vel var komme nedi, slengte trollet sekken på ryggen og la på dør. Men då dei hadde komme eit stykke på vegen, blei trollet trøtt og spurde: "Kor langt er det å gå før eg kan kvile og sove litegrann?"
"Godt og vel ein kilometer," svarte Smørbukk.
Så sette trollet sekken frå seg ved vegen og reiste bort gjennom småskogen for seg sjølv og la seg til å sove. Imens passa Smørbukk seg, tok kniven sin, spretta hol på sekken og smatt ut, la så ei stor tyrirot i staden, og strauk heim til mor si. Då trollet kom heim og fekk sjå kva ho hadde i sekken, blei ho fælt sint.
Dagen etter sat kona og bakte att. Rett som det var, tok hunden til å gjø. "Spring ut, du Smørbukken min," sa ho, "og sjå etter kva det er Gulltann gjør på."
"Å nei, å nei, det stygge beistet då!" sa Smørbukk; "no kjem ho att, med hovudet under armen og ein stor sekk på ryggen."
"Spring under bakstefjøla og gjøm deg," sa mor hans.
"God dag!" sa trollet; "er han Smørbukk heime i dag?"
"Neimen er han ikkje," sa mora, "han er på skogen med far sin og jaktar på ryper."
"Det var uff det!" sa haugkjerringa, "for eg har ein ven liten sølvgaffel eg ville gitt han."
"Pip, pip, her er eg!" sa Smørbukk og kom fram.
"Eg er så stiv i ryggen," sa trollet, "du får smette ned i sekken og ta den sjølv." Då Smørbukk vel var kommen i sekken, slengte trollet den på ryggen og la av garde.
Då dei hadde komme eit godt stykke på vegen, blei ho trøtt og spurde: "Kor langt herifrå kan eg sove?"
"Ei halv mil," svarte Smørbukk.
Så sette trollet ned sekken ved vegen og gjekk opp gjennom
skogen og la seg til å sove. Mens trollet gjorde det, fekk Smørbukk hol på sekken, og då han var komme ut, la han ein stor stein i sekken. Då haugkjerringa kom heim, gjorde ho opp varme på peisen, sette over ein diger kjel og skulle til å koke Smørbukk. Men då ho tok sekken og trudde ho skulle sleppe Smørbukk oppi, fall steinen ut og slo hol i botnen på kjelen, så vatnet rann ut og sløkte varmen. Då blei trollet sint og sa: "Om han no gjør seg aldri så tung, skal eg lure han likevel, eg."
Tredje gongen gjekk det akkurat likeins; Gulltann sette i å gjø, og så sa mora til Smørbukk: "Spring ut, du Smørbukken
min, og sjå etter kven det er Gulltann gjør på."
Så sprang Smørbukk ut, og kom inn att og sa: "Å, jøye meg! Det er trollet som kjem att med hovudet under armen og ein sekk på ryggen."
"Spring under bakstefjøla og gjøm deg," sa mora hans.
"God dag!" sa trollet og steig inn gjennom døra; "er han Smørbukk heime i dag?"
"Dessverre, eg kan ikkje hjelpe deg," sa mora.
"Det var skit det då!" sa haugkjerringa, "for eg har slik ei ven sølvskei eg ville gitt han."
"Pip, pip, her er eg!" sa Smørbukk, og kom fram under bakstefjøla.
"Eg er så stiv i ryggen," sa haugkjerringa, "du får smette ned i sekken og ta den sjølv."
Då Smørbukk vel var komme nedi, slengte trollet sekken på ryggen og la av garde. Denne gongen gjekk ho ikkje bort for seg sjølv og la seg til å sove, men strauk like heim med Smørbukk i sekken, og då dei kom fram, var det ein søndag.
Så sa trollet til dotter si: "No får du ta han Smørbukk og slakte han og koke kjøtsuppe på han til eg kjem att; for no reiser eg til kyrkja og bed til gjestebod.
Då husbondsfolka i trollgarden hadde reist, skulle dottera ta Smørbukk og slakte han; men så visste ho ikkje riktig korleis ho skulle gjøre det.
"Vent litt, så skal eg syne deg korleis du skal bere deg åt, eg," sa Smørbukk; "Legg hovudet ditt på krakken, skal du sjå."
Ho gjorde så, ho stakkar, og Smørbukk tok øksa og hakka hovudet av henne som det skulle vore ein kylling. Så la han hovudet i senga og skrotten i gryta og kokte kjøtsuppe på trolldottera. Då han hadde gjort det, krabba han opp over døra og drog med seg tyrirota og steinen, og la den eine over døra og den andre oppå peispipa til trollet.
Då folka kom heim frå kyrkja og såg hovudet i senga, tenkte dei at dottera låg og sov; men så skulle dei bort og smake på kjøtsuppa.
"Smaker godt, Smørbukk-kjøtsuppe!" sa kona.
"Smaker godt, dotter-kjøtsuppe!" sa Smørbukk. Men det lydde dei ikkje etter.
Så tok haugtrollet skeia og skulle til å smake.
"Smaker godt, Smørbukk-kjøtsuppe!" sa han.
"Smaker godt, dotter-kjøtsuppe!" sa Smørbukk på peispipa.
Så tok dei til å undrast på kven det var som snakka, og ville ut og sjå etter. Men då dei kom i døra, kasta Smørbukk tyrirota og steinen i hovudet på dei og slo dei i hel. Så tok han alt det gullet og sølvet som var i huset, og då blei han vel rik, kan hende; og så reiste han heim til mor si.